Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel 100% fast stilling som pedagogisk leiar Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest søndag 24. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri. Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt - sidan du les desse. Har du lyst til å vera pedagogisk leiar i Lærdal kommune, då kan denne stillinga vera aktuelle for deg og du har all grunn til å lesa vidare. Lærdalsøyri barnehage er ein 7-avdelings barnehage med litt over 100 barn. Me har eit fleirkulturelt og inkluderande barnehage - og arbeidsmiljø, der læring gjennom leik er særleg viktig. I Lærdalsøyri barnehage har barn og vaksne fokus på å skape ein berekraftig barnehage. Me har eigen kjøkenressurs som legg til rette for pedagogisk aktivitet kring matlaging og dyrking av eigne råvarer, tett i samarbeid med det pedagogiske personalet på avdelingane. Gjennom «rettleiingstimen» møtast me i grupper for å utvikle eigen - og felles pedagogisk praksis. Me løyser utfordringar saman, og nyttar forsking og erfaring i dei pedagogiske vala me tek. Me søkjer etter ein pedagogisk leiar i fast 100% stilling. Tiltreding etter avtale, seinast 15.august 2025 ved oppstart av nytt barnehageår.Utdanning/kvalifikasjonar for alle stillingane Godkjent barnehagelærarutdanning Erfaring som pedagogisk leiar er ein føremon Vidareutdanning innan leiing, rettleiing, leik, språkutvikling eller spesialpedagogikk er ønskjeleg, men ikkje eit krav Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding Gyldig arbeids - og opphaldsløyve Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt Personlege eigenskapar: Du er god på relasjonsbygging og har gode samarbeidsevner Du er oppteken av barn si utvikling, og har fokus på leik og læring gjennom trygge relasjonar Du har god kjennskap til rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver Du trivst med å jobba tett på barna, og samarbeider godt med foreldra deira Du vert opplevd som ein trygg og tydeleg vaksenperson i møte med barna våre Du er løysningsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo Du har ei positiv innstilling og god arbeidskapasitet Arbeidsoppgåver: Planlegging - og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar i barnehagen Leia det pedagogiske arbeidet og foreldresamarbeidet på avdelinga Rettleia personalet på avdelinga Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap Vera del av den pedagogiske leiargruppa i barnehagen Samarbeida tett med einingsleiar og assisterande styrar Tverrfagleg samarbeid med PPT, BUP, barnevern, helsestasjon og andre samarbeidspartar Deltaking i grupperettleiing og kompetanseutvikling gjennom REKOMP Vera bidragsytar til eit godt - og utviklingsorientert arbeidsmiljø Me tilbyr: Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk Pensjonsordning Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium Tilrettelegging for å ta vidareutdanning gjennom UDIR si kompetansesatsing Moglegheit for å søkja om rekrutteringstilskot kr 60 000, - Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har: Full barnehagedekning Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum Gratis tilgang til treningssenter for tilsette Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vera tilsett i Lærdal kommune. Som tilsett i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge barnehagane i Lærdal kommune. Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Link til søknadsskjema: Søk her Kontaktperson for stillingen Anne Magrete Hatlelid 40825575 40825575 Om bedriften I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell - og utmarksområde byr på e