Alver kommune
Knarvik Stasjon - Stølen 7, 5911 Alversund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brannkonstabel - fast 2,42% - Lindås stasjon
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 12. oktober
Om stillinga
Me har ledig ein fast stilling som brannkonstabel med funksjon som brannkonstabel knytt til Lindås stasjon.
Dette er ei stilling med vakt kvar femte veke. Ein har då vakt frå kl 15:30 til 08:00 kvardagar og frå kl 15:30 fredag til kl 08:00 måndag + heilagdagar
Arbeidsoppgåver
Vere ein del av deltidsstyrken i NHBR, med fast vakt kvar 5. veke
Operative oppgåver/utrykkingar
Plikter å delta på øvingar og kurs
Vedlikehald av bilar og operativt utstyr
Andre oppgåver som naturleg fell inn under stillinga
Kompetansekrav
Krav til stillinga;
Fullført og bestått aspirantkurs
Bestått fysisk test i samsvar med forskrift (årleg krav)
Godkjent helsekontroll
Politiattest - I tråd med brann- og eksplosjonsvernloven § 18 vert det stilt krav om uttømmande politiattest ved tiltreding
Bustad maks 10 minutt frå stasjon/depot
Fysisk og psykisk skikka til stillinga
Førarkort klasse B
Mestre norsk munnleg og skriftleg
Kandidatar med lengre avstand til stasjonen/depotet kan bli vurdert der det er moglegheit for intern rokkering av ressursar.
Ønska kompetanse;
Grunnutdanning som brannkonstabel ved Norges Brannskole
Annan brannrelatert utdanning
Førarkort klasse C og BE
Båtførar sertifikat
E-160 kompetansebevis for utrykkings køyring
Våre forventningar til deg
Vi ser etter deg som er pålitelig og har god rolleforståing
Du opptrer roleg i stressande situasjonar og har god evne til å prioritere
Det er viktig for oss at du både arbeider godt sjølvstendig og er ein god og tillitsvekkande lagspelar
Personlege eigenskap vert vektlagt.
Me tilbyr
Spennande og utfordrande arbeidsplass med samfunnsviktig funksjon
Lønn- og tilsetjngsforhold etter lov- og avtaleverk
Tilsett kan også bli nytta i andre funksjonar (under føresetnad av nødvendig kompetanse/opplæring)
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alver kommune, der vi søkjer etter dedikerte og dyktige menneske som ønsker å vere ein del av vår felles suksesshistorie. Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Stillingsnummer
ee664403-f452-4e58-a0d5-ff8e3c2688cf
Hentet fra
jobbnorge
Referanse