Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Fast stilling som ungdomsarbeidar i 30% lye forsamlingshus (time sokn dnk)

Areia
Time kyrkjelege fellesråd - Time sokneråd
Anunciada dia 21 dezembro
Descrição

Time kyrkjelege fellesråd - Time sokneråd
Kvartsvegen 3, 4347 Lye
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stilling i Den norske kyrkja
Likar du å jobba med ungdom? Ønsker du å gje dei eit møte med Jesus og ein plass i fellesskapet?
Ungdomsarbeidet Varden starta opp våren 2019 og har sidan då samla mellom 20 og 70 ungdommar annankvar fredag på Lye forsamlingshus. Time sokneråd søker etter ny ungdomsarbeidar som kan leia dette arbeidet.
SØKNADER VIL BLI VURDERTE FORTLØPANDE ETTER 28.08.2025
**Arbeidsoppgåver**:
**Å leia Varden ungdomsarbeid annankvar fredag, og gjennom å**:
vera med og skapa eit godt miljø for ungdom på Lye forsamlingshus, der ungdommar kan veksa i tru og finna si teneste.
legga til rette for undervisning, lovsong, bøn og aktivitetar for dei unge
rekruttera, utrusta og vegleia frivillige medarbeidarar
gje ungdommane ansvar og leiartrening
Å delta som ein av fleire leiarar i konfirmantarbeidet. Ungdomsarbeidaren har ikkje hovudansvar.
Samarbeida med andre ungdomsarbeidarar i kyrkjene i Time kommune der det er naturleg.
Kvalifikasjonar me ser etter
Utdanning innan barne
- og ungdomsarbeid. Annan utdanning eller erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Utdanning innan eller god kjennskap til kristen tru
Erfaring frå kristent barne
- og ungdomsarbeid
Personlege eigenskapar
Ha evne til å ta initiativ og vera kreativ
Kunne visa omsorg og setta grenser
Ein må sjølv vera kristen, og ha eit ønske om å dela trua med andre
Vera ein god leiar for ungdom
Flink til å kommunisera med ungdom, både i store og små samanhengar
Vera pliktoppfyllande og ryddig i arbeidet
Søkar må visa fram politiattest.
Me tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø
Løn etter avtale
Medlemskap i KLP
Fleksibel arbeidstid og avspaseringsordningar
Om bedriften
Time kyrkjelege fellesråd er ein del av Den norske kyrkje. Kontorlokala ligg i Bryne sentrum, og der held tilsette i Bryne kyrkje, Time kyrkje, Lye Forsamlingshus og Undheim kyrkje til. Lye er ein tettstad som ligg i Time kommune, 6 km frå Bryne. Det er om lag 2400 menneske som bur på Lye. Lye høyrer inn under Time sokn, som har to gudstenestestader: Lye forsamlinghus og Time kyrkje.
På Lye forsamlingshus er det to kyrkjelydar som held til og samarbeidar. Ungdomsarbeidaren høyrer til under Den norske kyrkja sitt arbeid.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Stillingsnummer
216a45de-c99a-4e35-83f7-98c62faaf9bb
Hentet fra
FINN
Referanse
424237838

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Areia
Emprego Paraíba
Emprego Nordeste
Página principal > Emprego > Fast Stilling Som Ungdomsarbeidar I 30% Lye Forsamlingshus (Time Sokn Dnk)

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2026 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar