Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage Edne 19, 5215 Lysekloster, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fagarbeidar/assistent - Lysekloster barnehage Type ansettelse Vikariat, deltid 60% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 2 Søk senest torsdag 26. juni Vi har ledig 2 vikariat i totalt 60% stilling frå 04.08.25. 30% vikariat til 31.10.25 og 30% vikariat til 31.07.26. Stillingane kan kombinerast. Ein kan og få stilling som tilkallingsvikar i tillegg om ønskjeleg. Barnehagen har 5 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, og 3 avdelingar er for barn i alderen 3-6 år. Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik. I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle. Arbeidsstad Lysekloster barnehage. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde. Arbeidsoppgåver Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling. Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne - og utemiljø, og vere ein god rollemodell. Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga. Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar. Bidra til eit godt foreldresamarbeid Bidra til eit godt språkleg miljø Kvalifikasjonar Fagbrev som barne - og ungdomsarbeidar er ønskjeleg, men anna utdanning/erfaring kan kompensere for manglande fagbrev. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. Ønska kvalifikasjonar Er engasjert, sjølvstendig og fleksibel Har godt overblikk og ser kva som trengs der og då. Trivst i ein travel, men innhaldsrik barnehagekvardag. Har gode evner til samarbeid Har godt humør, positiv innstilling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Er god på å skape relasjonar Er ein god språkmodell Er glad i å vera ute Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt Vi tilbyr Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø. Aktive og varierte kvardagar. Gode pensjons - og forsikringsordningar og løn etter avtale. Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. Slik søkjer du Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar. Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang. Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga. Link til søknadsskjema: Søk her Kontaktperson for stillingen Liv Wallem Aspaker Styrar 47 906 13 587 47 56 30 33 70 Om bedriften Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg? Sektor Offentlig Annonsedata Stillingsnummer 3636d8c3-a5f2-4ae9-86ee-9ebfc0bd236d Hentet fra visma-easycruit Referanse 3514187_207809_nn