Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Ledig stilling

Rio Espera
Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Anunciada dia 17 dezembro
Descrição

Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Barne - og ungdomsarbeidar, 100 % fast stilling Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest fredag 1. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri. Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt - sidan du les desse. Og viss ei stilling som barne -og ungdomsarbeidar er aktuelt, har du all grunn til å lesa vidare I denne stillinga vil du vere tilsett i Lærdal kommune, for tida på Borgund oppvekstsenter sin barnehagedel. Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar: Fagbrev barne -og ungdomsarbeidar ev. assistent med erfaring frå oppvekstsektoren eller andre relevante utdanningar. Gyldig politiattest Gyldig arbeids - og opphaldsløyve Personlege eigenskapar blir vektlagt Arbeidsoppgåver og arbeidstid: Dagleg stell av born Omsorgsarbeid 37,5 timar dagtid Me tilbyr: Løn etter tariff (Løn) Trygge vilkår som offentleg tilsett (Vilkår) Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har: Full barnehagedekning Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO i 3.klasse Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Link til søknadsskjema: Søk her Kontaktperson for stillingen Linda Maristuen 41513567 Om bedriften I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell - og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri. Sektor Offentlig Annonsedata Stillingsnummer 605b7fb7-9bf1-47b9-9ddb-a3c47b98f5b7 Hentet fra visma-easycruit Referanse 3520767_229325_nn

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Rio Espera
Emprego Minas Gerais
Emprego Sudeste
Página principal > Emprego > Ledig Stilling

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar