 
        
        Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% vikariat som brukarstyrt personleg assistent i bu- og miljøtenesta
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 26. oktober
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Bu og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar.
Arbeidsoppgåver:
Praktisk og personleg oppfølging i daglege gjeremål
Kvalifikasjonskrav til søkjar:
Stillinga er open på kompetansekravet, alle kan søkja Søkjarar med 3 årig helsefagleg utdanning og fagarbeidarar innan helse vil bli prioriterte.
Personlege eigenskapar:
gode samarbeidsevner
evne til fleksibilitet
er ansvarsbevisst og lojal
kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
Me kan tilby:
ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver
godt arbeidsmiljø
opplæring og veiledning
eit bra fagmiljø med mykje kompetanse
Arbeidstid:
Turnusen er hovudsakleg langvakter og arbeid kvar 4.helg.
Lønsvilkår:
Løn etter tariff
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Marianne Voldum
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
ecf-4eee-aa09-1d1afc08ae3d
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3550327_228181_nn