Ulvik Herad Sentraladministrasjon
Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik, Hybridkontor
Om jobben
100% stilling som planleggjar ved Samfunn og plan i Ulvik herad. Stillinga vil ha varierte oppgåver, men med eit fokus på planoppgåver. Heradet ynskjer å utføra flest mogleg oppgåver i eigenregi, og som planleggjar vil du får ei sentral rolle i å forma Ulvik si framtid.
Stillingstittel
Planlegger øvrig offentlig administrasjon
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 1. juni
Hva vi ser etter
Me søkjer deg som har
Erfaring innan planarbeid og god kjennskap til plan
- og bygningslova
Relevant høgare utdanning
Evne til å planleggja og strukturera eige arbeid
Gode munnlege kommunikasjonsevner og evne til å formidla komplekse samanhengar på ein lettfatteleg måte
God skriftleg framstillingsevne på nynorsk
forståing for offentleg forvaltning og arbeid i spennet mellom politikk, administrasjon og publikum
gode datakunnskapar, ynskjeleg med kompetanse innan geografiske informasjonssystem (GIS)
førarkort klasse B
Kandidatar som ikkje fullt ut oppfyller dei formelle krava til utdanning, men har relevant praksis og erfaring, kan bli vurderte til stillinga.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgaver
Utarbeida kommuneplan, reguleringsplanar og tematiske planer
Anna relevant internt planarbeid
Rettleia private forslagsstillarar, kvalitetssikra og saksbehandla private reguleringsplanar
Saksframlegg for politisk behandling, samt å delta på politiske møte ved behov
Koordineringsarbeid for overordna planar på tvers av einingar i heradet
Rettleiing for innbyggjarar innan fagområdet
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Arbeid i ei verksemd i utvikling, og moglegheit til å vera med å påverka
Fagleg nettverkssamarbeid
Løn etter avtale
Fleksitid
Ein jobb i verdast vakraste bygd
Kontaktperson for stillingen
Trygve Vik
Kommunalsjef samfunn og plan
Om bedriften
Samfunn og plan har om lag 20 tilsette fordelt på reinhald, utedrift og merkantile stillingar. Som tilsett hos oss vert du del av eit arbeidsmiljø med flotte folk og stort mangfald i både alder, kjønn, utdanning, erfaring og bakgrunn.
Om Ulvik
Idyllisk plassert inst i Hardangerfjorden, finn du Perla i Hardanger, Ulvik.
Spektakulær natur frå fjord til fjell og bre inviterar til friluftsliv heile året. Me har aktive kultur
- og idrettsmiljø, idrettshall, symjehall, og langrennsarena med ljosløype. Konsertar og festivalar, frukt og siderproduksjon, poesi og sogelag står for eit mangfald av dei sjeldne.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Stillingsnummer
Hentet fra
Stillingsregistrering
Referanse
b339a94a-a051-4ed0-a05c-66ee0929f331