Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Grunnskulelærar ved måndalen skule

Caraí
DeepOcean
US$ 56.700 - US$ 71.800 por ano
Anunciada dia 4 setembro
Descrição

Rauma kommune Måndalen barne- og ungdomsskule

Voll, 6386 Måndalen, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Undervisningsstilling, 100% vikariat

Type ansettelse

Engasjement, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest mandag 15. september

Stillingen

Grunnskulelærar i 100% stilling frem til ved Måndalen skule.

Arbeidsplassen

Måndalen skule er ein heilt ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Måndalen skule er plassert i naturskjønne omgjevnadar der fjord og fjell legg til rette for flotte mogelegheiter i både skulekvardagen og på fritida. Skulen har 105 elevar fordelt på trinn, og eit samla personale på 18 tilsette. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule - Rauma kommune

Arbeidsoppgåver:

Undervisning hovudsakleg på 5.- (avhengig av kompetanse/erfaring).

Kontaktlæraransvar kan bli tillagt stillinga.

Krav til kvalifikasjonar:

Utdanning som grunnskulelærar, fortrinnsvis 5-10. trinn.

God digital kompetanse.

God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Målforma til skulen er nynorsk.

Det er ønskje om

Relevant erfaring er ønskjeleg, også frå spesialpedagisk arbeid.

Personlege eigenskapar:

Du har evne til å planleggje, arbeide strukturert og sjølvstendig.

Du evner å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegaer.

Du jobbar godt i team, og er lojal til felles avgjerder.

Du har stor arbeidskapasitet, evne til å fokusere, og arbeider for eit godt læringsmiljø med fagleg utbytte for alle.

Du har erfaring med bruk av digitale verktøy i undervisninga, og tek i bruk skulens digitale moglegheiter og løysingar for å fremje elevane si læring.

Du tenkjer positivt, har godt humør og likar å jobbe med menneske i alle aldrar.

Du bidreg og stimulerer til utvikling av organisasjonen i sin heilskap.

Du er tydeleg og omgjengeleg i din kommunikasjon, både internt på skolen og eksternt ovanfor våre samarbeidspartnarar.

Bur du i Rauma kommune og er i jobb, kan du få sletta av studielånet ditt kvart år. Les meir om ordninga her: Ny ordning for sletting av studielån – no startar oppteninga -

Tilsetting

Tilsetting skjer i høve til gjeldande lovar, reglement og avtaleverk, òg når det gjeld medlemskap i pensjonsordning. Avlønning etter sentral Hovudtariffavtale ut frå kvalifikasjonar og ansiennitet.

Politiattest

Den tilsette må leggje fram gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, før tilsettjing. Jfr. Opplæringslova § 10-9 og forskrift § 15.

Søknad

Rauma kommune tek kun imot elektroniske søknadar. Søkjerettleiing: Søkerveiledning - Rauma kommune eller

Det er viktig at du tek deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller, og registrerer/oppdaterer CV`en med utdanning og kompetanse i søknadsskjemaet. Last opp aktuelle attestar og vitnemål i PDF format.

Merk at opplysningar kan gjerast offentlege sjølv om du har bede om ikkje å bli oppført på offentleg søkjarliste. Du vil då bli varsla, om ønsket om reservasjon ikkje vert teke til følgje, jf.Offentleglova.

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Trond Herje

Kommunalsjef skole

Om bedriften

Velkommen til verdas beste kommune for naturglade menneske Hos oss kan du både ha ein givande jobb og ei aktiv fritid. Du har kort veg til naturopplevingar uansett kvar du oppheld deg i kommunen. Kommunesenteret Åndalsnes ligg innan 1-2 timars køyretur til Molde og Ålesund lufthamn, og Raumabanen gjer at du kan reise miljøvenleg med tog til Rauma. Kommunen har eit bredt og framoverlent næringsliv og satsar aktivt på turisme og gode opplevingar for alle. Kjende turistmål som Trollstigen, Romsdalseggen, Rampestreken og Romsdalsgondolen finn du her, og vi har eit spanande og variert kulturliv med Rauma kulturhus som motor. Norsk fjellfestival, Trollveggen Triathlon og Rauma Rock er tre av folkefestane som skaper liv og røre. Velkommen til naturgledekommunen Rauma

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

f2def123-373b-4cf7-8e6e-e22fc6a0e040

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3537353_195131_nn

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Caraí
Emprego Minas Gerais
Emprego Sudeste
Página principal > Emprego > Grunnskulelærar ved Måndalen skule

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar