Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% fast stilling som pedagogisk leiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 24. august
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter.Så har me eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. Opp frå sentrum - mellom desse fjella og midt mellom Oslo og Bergen - breier dalen seg lang og temmeleg flat austover. Her dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - det er tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen og innanfor ein time reiseveg ligg spennande nabokommunar, som «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland. Og så har me lokalsjukehus i randsona av Lærdalsøyri. Om du bur her frå før og visste alt dette eller ikkje, så er du truleg på jobbjakt - sidan du les desse. Har du lyst til å vera pedagogisk leiar i Lærdal kommune, då kan denne stillinga vera aktuelle for deg og du har all grunn til å lesa vidare.
Lærdalsøyri barnehage er ein 7-avdelings barnehage med litt over 100 barn. Me har eit fleirkulturelt og inkluderande barnehage
- og arbeidsmiljø, der læring gjennom leik er særleg viktig.
I Lærdalsøyri barnehage har barn og vaksne fokus på å skape ein berekraftig barnehage. Me har eigen kjøkenressurs som legg til rette for pedagogisk aktivitet kring matlaging og dyrking av eigne råvarer, tett i samarbeid med det pedagogiske personalet på avdelingane.
Gjennom «rettleiingstimen» møtast me i grupper for å utvikle eigen
- og felles pedagogisk praksis. Me løyser utfordringar saman, og nyttar forsking og erfaring i dei pedagogiske vala me tek.
Me søkjer etter ein pedagogisk leiar i fast 100% stilling. Tiltreding etter avtale, seinast 15.august 2025 ved oppstart av nytt barnehageår.Utdanning/kvalifikasjonar for alle stillingane
Godkjent barnehagelærarutdanning
Erfaring som pedagogisk leiar er ein føremon
Vidareutdanning innan leiing, rettleiing, leik, språkutvikling eller spesialpedagogikk er ønskjeleg, men ikkje eit krav
Gyldig politiattest, skal leverast snarleg etter tilbod om tilsetjing og før tiltreding
Gyldig arbeids
- og opphaldsløyve
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar og referansar vert vektlagt
**Personlege eigenskapar**:
Du er god på relasjonsbygging og har gode samarbeidsevner
Du er oppteken av barn si utvikling, og har fokus på leik og læring gjennom trygge relasjonar
Du har god kjennskap til rammeplan for barnehagen - innhald og oppgåver
Du trivst med å jobba tett på barna, og samarbeider godt med foreldra deira
Du vert opplevd som ein trygg og tydeleg vaksenperson i møte med barna våre
Du er løysningsorientert og trivst i ein variert arbeidskvardag med høgt tempo
Du har ei positiv innstilling og god arbeidskapasitet
**Arbeidsoppgåver**:
Planlegging
- og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar i barnehagen
Leia det pedagogiske arbeidet og foreldresamarbeidet på avdelinga
Rettleia personalet på avdelinga
Aktiv deltaking i eit profesjonsfagleg fellesskap
Vera del av den pedagogiske leiargruppa i barnehagen
Samarbeida tett med einingsleiar og assisterande styrar
Tverrfagleg samarbeid med PPT, BUP, barnevern, helsestasjon og andre samarbeidspartar
Deltaking i grupperettleiing og kompetanseutvikling gjennom REKOMP
Vera bidragsytar til eit godt
- og utviklingsorientert arbeidsmiljø
**Me tilbyr**:
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov -og avtaleverk
Pensjonsordning
Ein arbeidsplass med mykje hjartevarme eit spennande kollegium
Tilrettelegging for å ta vidareutdanning gjennom UDIR si kompetansesatsing
Moglegheit for å søkja om rekrutteringstilskot kr 60 000,
- **Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har**:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Gratis tilgang til treningssenter for tilsette
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
I denne stillinga vil du jobba under kommunalområdet oppvekst og utdanning og vera tilsett i Lærdal kommune. Som tilsett i Lærdal kommune, kan stillinga ved behov bli nytta ved begge barnehagane i Lærdal kommune.
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Anne Magrete Hatlelid
40825575 40825575
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell
- og utmarksområde byr på e