Coop Nordvest SA avd. Førde
Øyraplassen 2, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Butikkmedarbeider
Oppstart
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest fredag 19. september
Extra Lærdal har ein ledig deltidsstilling som butikkmedarbeider, og me ser etter deg som er blid, engasjert og likar utfordrande og varierte arbeidsdagar. Stillingsgraden er på 35%, og stillinga ligg i turnus med faste arbeidsvakter på dagtid, ettermiddag/kveld og annakvar laurdag. Det blir høve til ekstra timar ved fråvær i butikken, og i høgsesongar og feriar. Du må ha fylt 18 år, og du må kunne snakke og skrive norsk.
Arbeidsoppgåver
Kundebehandling
Kasse
post/tipping
Varemottak / vareplassering
Førefallande reinhald og rydding
Vi ser etter deg som er:
Påliteleg, hjelpsam og imøtekommande. Trivst med sal og kundebehandling, og du set alltid kunden først. Du jobbar strukturert og sjølvstendig, kan vere fleksibel, og har gode samarbeidsevner og ei positiv haldning.Det er viktig for oss at du medverkar til eit godt arbeidsmiljø i butikken og trivsel for kundane våre. Du må kunne godt norsk, både skriftleg og munntleg, og må være fylt 18 år. Stillinga høver godt for deg som er skuleelev eller student, eller som ynskjer ein extrajobb ved sida av anna arbeid
Vi kan tilby varierte arbeidsoppgåver og ordna tariffbaserte løns- og arbeidstilhøve. Du får nødvendig opplæring og ytterlegare kompetanseheving gjennom våre e-læringskurs. Du blir medlem av vår innskotsbaserte pensjonsordning med eigensparing, og er dekka av våre forsikringsavtaler. Vi har rabattavtaler for tilsette.
Høres dette ut som noko for deg, så håpar vi at du søkjer. Har du spørsmål om stillinga kan dei rettast til butikksjef
Søknad og CV registrerast digitalt.
Søknadsfrist:
Kontaktperson for stillingen
Jannicke Breding Olsen
Butikksjef
Om bedriften
Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Sektor
Privat
Annonsedata
Stillingsnummer
ee6ebd72-dc22-4d1e-81cc-dcc7b60351b1
Hentet fra
talentech
Referanse
a01ccbe3712c4881978c4d6a2fd6a081