 
        
        Lærdal kommune Sogn LMS
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
23,5 % fast helgestilling som sjukepleiar/paramedic ved Sogn LMS
Type ansettelse
Vikariat, deltid 23%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 26. oktober
100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har ansvar for legevaktformidling (legevaktstelefon) for kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal). Me er òg legevakt for kommunane i indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal).
Lærdal kommune har no ledig ei 23,5 % fast stilling som sjukepleiar i rein helgestilling. Arbeidet består av langvakter på 12 timar, med arbeid berre kvar fjerde helg. Dette inneber at du får ein relativt høg stillingsprosent, sjølv om du jobbar éi helg i månaden. Stillinga eignar seg godt som supplerande inntekt til annan jobb eller studiar.
Krav til/ønskje om utdanning og kvalifikasjonar
Norsk autorisasjon som sjukepleiar/paramedic
Krav om kurs i akuttmedisin og vald og overgrep for sjukepleiarar på legevaktssentralar (tilbod om kurs ved tilsetjing om du ikkje har dette frå før)
Gode norskkunnskapar og evne til å formidla godt
Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Arbeidsoppgåver
Legevaktsoperatør for kommunane i Sogn
Bistå vakthavande lege ved blodprøvetaking, EKG, suturering, sårstell m.m.
Rettleia pasientar og innringarar via telefon og videokonsultasjon
Arbeidstid
Langvakter på 12 timar, kvar 4. helg
Nattevakter er 10 timar i vekedagar og 11 timar på helg
Anna informasjon
Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester
Me tilbyr ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
Lønsvilkår
Lønn etter tariff
2 % pensjonsinnskot til KLP
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Jonatan Nesset
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
3ddb08be-e457-48f3-8707-d1558f4e3451
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3550349_228183_nn