OPK-OL - Olsvikåsen vgs, Vestland fylkeskommune
5184 Olsvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling helse-og oppvekstfag - vikar
Oppstart
1. desember 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 19. oktober
Skulen har om lag 550 elevar. Vi tilbyr programfagområda helse- og oppvekstfag, studiespesialiserande og kunst, design og arkitektur. I tillegg til vårt tilbod i helse- og oppvekstfag med ordinært opplæringstilbod har vi tilbod om helse- og oppvekstfag som inkluderer studiespesialiserande fag. Innanfor særskilt tilrettelagt opplæring har vi tilbod om kvardagslivstrening og arbeidstrening.
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss her
Arbeidsoppgåver
Undervisning på helse og oppvekstfag og barne og ungdomsarbeidar/ Helsefagarbeidar.
Det ligger kontaktlærer til stillingen.
Kvalifikasjonar
yrkesfaglærar med fagbrev som barne og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
høgare utdanning innan Helse- og oppvekstfag som til dømes barnehagelærar, vernepleiar, sjukepleiar
godkjent pedagogisk utdanning
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng.
Personlege eigenskapar
ein må vere løysingsoritert og setje fagleg utvikling høgt
vi ser etter deg som er god til å danne relasjonar med ungdom og kan samarbeide godt med andre i organisasjonen
relevant praksis innan fagområda vil bli vektlagt
gode IKT- ferdigheiter
god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Vi tilbyr
eit aktivt og stimulerande fagmiljø
ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Snorre Loeng, avdelingsleiar, ,
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.:
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato:
Sluttdato:
Søknadsfrist:
Kontaktperson for stillingen
Snorre Loeng
avdelingsleiar
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
cb4a1f8d-b862-42d2-bdbc-4d4b1f5ede24
Hentet fra
talentech
Referanse
5b957585b3f44919be6b69dc25d08bb8