Askvoll kommune Bulandet skule
Nordsjøvegen 1086, 6987 Bulandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar / assistent 40% mellombels stilling til SFO Bulandet skule
Type ansettelse
Annet, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 5. oktober
Vi har frå snarast ledig 40% mellombels stilling som fagarbeidar / assistent ved skulefritidsordninga (SFO) ved Bulandet skule.
Stillinga er mellombels til Arbeidsoppgåvene vil innebere å ha ansvar for skulefritidsordninga måndag, tysdag, torsdag og fredag på ettermiddagstid og heile dagen onsdag.
Arbeidsoppgåver:
Arbeid med barna i SFO i samsvar med rammeplan for SFO
Dagleg omsorg og arbeid med å skape gode relasjonar
Medverke til godt foreldresamarbeid som har barnet sitt beste i fokus
Kvalifikasjonar:
Fagbrev i barne – og ungdomsarbeidarfaget. Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre utan fagbrev bli tilsett.
Må beherske norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Vi søkjer deg som:
er leiken og open og likar faglege utfordingar
er lagspelar og har gode samarbeidsevner
trivst i lag med barn
Vi tilbyr:
interessante og kjekke arbeidsoppgåver
eit positivt og uformelt arbeidsmiljø
god forsikring
offentleg pensjonsordning (KLP)
løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ
Fagarbeidarar får kr utover sentralt løns- og stillingsregulativ, jf. lønspolitisk plan
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Politi- og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Linda Landøy
Rektor
Om bedriften
Bulandet skule er norges vestlegaste skule og er ein 1 – 10 skule med ca 30 elevar. Skulen er samlokalisert med Bulandet barnehage
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
227e62ee-1bde-4ba4-a5eb-d7e50d7ab2ea
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3540343_145539_nn