Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø

Rio Espera
DeepOcean
US$ 40.000 - US$ 60.000 por ano
Anunciada dia 5 outubro
Descrição

Lærdal kommune Helsesenter

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

30 % fast stilling som sjukepleiar ved Lærdal helsesenter

Type ansettelse

Fast, deltid 30%

Arbeidsspråk

Norsk eller engelsk

Antall stillinger

1

Søk senest søndag 26. oktober

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.

Lærdal helsesenter har 30 % fast stilling ledig som sjukepleiar frå 1. november.

Arbeidsoppgåver:

Skifteromsarbeid som sårstell, EKG og 24 timers blodtrykk, suturfjerning, øyreskylling og liknande.

Laboratoriearbeid: prøvetaking, analysering av prøvar, injeksjonar

Ekspedere telefon og pasientluke

Anna helseretta og administrativt arbeid som ligg til legekontoret t.d. journalføring, oppgjer, rekvirering av transport, legge inn reseptar m.m

Kvalifikasjonar:

Offentleg godkjend sjukepleiar

Gode norsk- og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

God IKT kompetanse

Du må vera nøyaktig og strukturert

Arbeidserfaring frå legekontor og/eller legevakt er ein fordel

Me legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane me ynskjer: at du har gode samarbeidsevner og kan arbeida både i team og sjølvstendig, er interessert i fagutvikling, er relasjonsorientert og endringsvillig.

Me tilbyr:

Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø, der me har eit stort brukarfokus og høg kvalitet i arbeidet

Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter

Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP

Gruppe- og ulykkesforsikring

Hjelp til å skaffe bustad

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

Full barnehagedekning

Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.

Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum

Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Malin Partenyi

einingsleiar helse

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

6d90815f-511b-48a4-9541-f d

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3550363_248527_nn

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Rio Espera
Emprego Minas Gerais
Emprego Sudeste
Página principal > Emprego > Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar