Kinn kommune Ytre Kulen 73, 6718 Deknepollen, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Avdelingsleiar, Kulatoppen Omsorgssenter Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidstid Ukedager Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest mandag 13. oktober Leiinga på Kulatoppen omsorgssenter består av tenesteleiar og 3 avdelingsleiarar. Vi søkjer deg som vil være avdelingsleiar på institusjon. Du har ressursstyring i fokus, og er opptatt av god rammestyring. Du ser samarbeid med andre tenester i heile kommunen som viktig for å få ei god og kostnadseffektiv drift. Du er opptatt av kvalitet, kompetansebygging og endringsarbeid, og har fokus på pasienten og dei tilsette. Arbeidsoppgåver Dagleg fordeling av arbeid - nytte arbeidsplan som verktøy. Innleige der det er naudsynt ved fråver-oppdatere RS ved fråver, attestere timelister. Ansvar for utarbeiding av årsturnus. Oppfølging av tilsette og ha årlege medarbeidersamtaler. Ta faglege avgjerder i samarbeid med tilsette. Du får vere med på å vidareutvikle avdelingane og bygge eit godt og faglig sterkt arbeidsmiljø. Du blir med på omdømmebygging av avdelinga di og er medansvarlig for at kvaliteten på tenestene er gode og samsvarar med måla til Kinn kommune. Du har ansvar for god rammestyring og har fokus på å drifte innafor tildelt ramme. Som avdelingsleiar må ein pårekne å delta i drift ved behov for å redusere behovet for innleige ved fråvær. Kvalifikasjonar 3 årig helsefagleg høgskule. Leiar erfaring og leiarutdanning er ønskeleg Du må ha god datakompetanse, og kunne tileigne deg bruk av våre fagsystem som til dømes er Compilo, CosDoc og RS. Du har god økonomiforståing, og er opptatt av godt samarbeid internt og mot andre tenester. Personlege eigenskapar Er strukturert og tydeleg Er ein god rollemodell og inspirerer andre til å bidra Likar endring og likar å jobbe i team Er fleksibel, kreativ og løysingsorientert Likar å ha ansvar og tek ansvar Er lojal og har forståing for naudsynt ressursfordeling. Vi tilbyr Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer avdelingane Dagtid 5dg/veke Godt fagleg miljø med bl.a. internundervisning Vi legg til rette for opplæring og kompetanseutvikling God pensjonsordning i KLP og konkurransedyktige lønsvilkår Kontaktinformasjon Arbeidsstad Ytre Kulen 73 6718 Deknepollen Nøkkelinformasjon: Arbeidsgivar: Kinn kommune Referansenr.: 5016840908 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 13.10.2025 Kontaktperson for stillingen Tone Husevåg Tenesteleiar Kulatoppen 47 99473470 Om bedriften Vår visjon: I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu - og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar. Nettsted Annonsedata Stillingsnummer b91c6ec2-df51-419a-ba9f-143c9bf86bb4 Hentet fra talentech Referanse 8dcb0c0efaf54e3fb9c10285b738da65