Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Brenn du for miljøet

Fátima (BA)
DeepOcean
€ 450.000 - € 600.000 por ano
Anunciada dia 19 agosto
Descrição

NGIR IKS

Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin, Hybridkontor

Om jobben

Stillingstittel

Kunderettleiarar

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

2

Søk senest søndag 31. august

NGIR IKS søkjer to engasjerte og allsidige Kunderettleiarar som vil vere med og forme framtida for avfallshandtering og gjenvinning i regionen. Dette er ikkje ein vanleg kontorjobb - her får du det beste frå to verder: Du vekslar mellom kundeservice på kontoret og praktisk arbeid ute på gjenvinningsstasjonane våre.

Kva går jobben ut på?

Du blir ein nøkkelperson i møtet med kundane våre - både digitalt og ansikt til ansikt. På kontoret er du med på å halde hjula i gang: Du svarar på spørsmål via telefon og e-post, tek imot besøkande og hjelper kundar med sortering og bruk av digitale løysingar.

Du har ansvar for å følgje opp førespurnader, registrere informasjon i interne system og sørgje for at dokumentasjon og kundedata blir handtert på ein trygg og strukturert måte. Du samarbeider tett med kollegaer for å sikre god informasjonsflyt og effektiv oppfølging av saker. Kontoret er ein viktig base for både planlegging og koordinering, og du spelar ei sentral rolle i å sikre at både kundar og kollegaer får den støtta dei treng.

Ute på stasjonane er du med på å sikre god flyt, ryddige omgjevnader og ei trygg og positiv oppleving for alle som kjem innom. Du får rett og slett vere med og gjere det lettare for folk å ta miljøvenlege val - kvar einaste dag.

Kven er du?

Du er ein person som likar å ha kontakt med folk, og som trivst med å veksle mellom skjerm og vernesko. Du har god kontorkompetanse og meistrar administrative oppgåver med tryggleik og presisjon. Du er strukturert, sjølvstendig og har eit skarpt auge for orden og kvalitet - både i fysiske omgjevnader og i digitale system. Du kommuniserer godt, både munnleg og skriftleg, og handterer konfidensiell informasjon med høg grad av integritet. Du har erfaring med bruk av digitale verktøy og system, og er komfortabel med dokumenthandsaming, kundedialog og informasjonsflyt. I tillegg har du eit ekte engasjement for miljø og samfunnsansvar, og ønskjer å bidra til ei berekraftig utvikling gjennom arbeidet ditt.

Kva bør du ha med deg?

Vi ser etter deg med vidaregåande utdanning eller fagbrev. Har du truck- og hjullastarbevis, er det eit pluss - men ikkje eit krav. Det viktigaste er at du har rett innstilling og vilje til å lære.

Kor jobbar du?

Du vil ha ein fleksibel arbeidskvardag med base både på NGIR sitt hovudkontor i Kjevikdalen og ute på gjenvinningsstasjonane i regionen.

Kva får du hos oss?

Hos NGIR får du ein jobb med meining. Du blir del av eit inkluderande og framtidsretta arbeidsmiljø, der vi spelar kvarandre gode og jobbar saman for ei grønare framtid. Du får varierte arbeidsdagar, høve til fagleg utvikling og ein jobb du kan vere stolt av.

Om bedriften

NGIR - Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS - tek seg av den offentlege renovasjonen i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Solund. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå innbyggjarane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima. Selskapet tilbyr òg avfallstenester til næringslivet i regionen. NGIR sitt avfallsanlegg og administrasjon ligg i Kjevikdalen i Alver kommune, ca 45 min køyring frå Bergen sentrum og 15 min frå Knarvik. NGIR er organisert i tre selskap, og har til saman 100 tilsette og omset for om lag 199 millionar kroner.

Sektor

Offentlig

Nettsted

Annonsedata

Stillingsnummer

7cf232e1-9d9e-463e-9900-9a68f1ab548c

Hentet fra

FINN

Referanse

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Fátima (BA)
Emprego Bahia
Emprego Nordeste
Página principal > Emprego > Brenn du for miljøet

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar