Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Ledig stilling

Rio Espera
DeepOcean
Anunciada dia 19 agosto
Descrição

Lærdal kommune Pleie og omsorg

Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Sjukepleiar 100% nattevakt sjukeheim/ KAD

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk

Antall stillinger

1

Søk senest mandag 8. september

100% fast stilling som "stilling" (Overskrift til annonsetittel)

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Lærdal kommune har etablert kommunale akutte døgnplassar ved Lærdal bu- og omsorgsheim. I samband med dette søkjer me nye dyktige, sjukepleiarar til 100% nattevaktstilling.

KAD er eit allmennmedisinsk tilbod som skal ytast til den som har behov for observasjon, behandling og tilsyn, der innlegging på KAD kan erstatta innlegging i sjukehus.

Stillinga er rein nattevaktstilling med langvakt, natt kvar 3.helg, med mogelegheit for samla fri. Årsturnus.

Du vil arbeida i team saman med helsefagarbeidar på natt, der du har det sjukepleiar faglege ansvaret for pasientane på både sjukeheimen og KAD seng.

Dine oppgåver vil være å gje hjelp og systematisk oppfølging, for å avdekkja forverring av tilstand hjå pasienten, samt gode evner til å iverksetja rette tiltak.

Tverrfagleg samarbeid med ulike fagmiljø, tilsynslege ved KAD, legevaktslege og spesialisthelsetenesta kring: Medisinsk oppfølging, observasjon, kartlegging (NEWS2-score) og behandlingsavklaring.

Om arbeidsgjevaren:

Ved Lærdal bu- og omsorgsheim er det 23 plassar; 1 KAD, 4 korttid og 18 langtids plassar. I tillegg har me eige kjøken, fysio-/ ergoterapeut, fagkoordinator, demenskoordinator og aktivitetstove med mykje liv og røre

Samlokalisert med heimesjukepleien. Heimesjukepleien yter tenester til 12 heildøgns bemanna omsorgsbustader, og ca. 70 tenestemottakarar rundt om i bygda.

Me er sirka 75 tilsette i stort og smått, og kanskje vert du vår nye kollega

Er dette deg?

Ansvarsfull, sjølvstendig og god til å samarbeida med andre

Arbeider nøyaktig og kunnskapsbasert

Fagleg oppdatert og ynskje om å utvikla deg vidare

Hjå oss får du:

Eit innovativt og godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer

Spennande og varierte arbeidsoppgåver

Moglegheit for fagleg og personelg utvikling

Moglegheit for vidareutdanning og kursing på arbeidsplassen

Støttande leiing

Tilsetting i ei trygg offentleg verksemd

Kva kvalifikasjonar krev me?

Autorisasjon som sjukepleiar

Førerkort klasse B

Gyldig politiattest

Gyldig arbeids- og opphaldsløyve

Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg – bestått B2-eksamen for søkjarar utanfor Skandinavia.

Relevant erfaring vert vektlagd

Som arbeidstakar i Lærdal kommune får du:

Pensjonsordning og KLP med 2% innbetaling

Gode personforsikringar i arbeid og fritid

Gode moglegheiter for vidareutdanning

Rekrutteringstilskot 60 000,- med to års bindingstid

Tillegg for rettleiing av studentar og lærlingar

Lærdal kan by på:

Full barnehagedekning

Gratis fulltids-SFO for 1. -og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klasse

Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum

Tilgnag til kommunalt abonnement på treningssenter

Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Toril Grøthe

Om bedriften

I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Stillingsnummer

5d0df6f7-d3e3-43d3-a1b4-edc9f4f60291

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3534119_228185_nn

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Rio Espera
Emprego Minas Gerais
Emprego Sudeste
Página principal > Emprego > Ledig stilling

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar