Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Fulltid, fast stilling som økonomikonsulent

Rio Espera
Lærdal kommune Økonomi
Anunciada dia 20 dezembro
Descrição

Lærdal kommune Økonomi Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hybridkontor Om jobben Stillingstittel Fulltid, fast stilling som økonomikonsulent Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest mandag 25. august I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna. Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Har du lyst til å vera økonomikonsulent i Lærdal kommune? Me ser etter ny medarbeidar på avdelinga for økonomi, HR og IKT. Lærdal kommune har delt tenesteområda inn i fire kommunalsjefområder, og avdelinga vår yt støttefunksjonar til desse områda. Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar: Høgare utdanning på bachelornivå innan økonomi/administrasjon er ønskjeleg Erfaring med digitale økonomiverktøy og system Erfaring innan økonomi og lønsarbeid, gjerne frå offentleg sektor Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert Relevant praksis kan kompensera for manglande formell utdanning. Arbeidsoppgåver og arbeidstid: Oppgåver knytt til fakturamottak Fakturering og innkreving Oppgåver knytt til fagområdet økonomi, rekneskap og løn Andre oppgåver kan tilkoma etter avtale med leiar Me tilbyr: Løn etter avtaleverk Fleksitidsordning og moglegheit for heimekontor Arbeidsstad på rådhuset i Lærdal i lag med kring 30 kollegaer Offentleg tenestepensjon i KLP Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har: Full barnehagedekning Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum Gratis tilgang til treningssenter for tilsette Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Link til søknadsskjema: Søk her Kontaktperson for stillingen Lars Grenager 922 25 667 Om bedriften I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell - og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri. Sektor Offentlig Annonsedata Stillingsnummer 932f7774-fb09-46de-ad79-b2bfac5c0835 Hentet fra visma-easycruit Referanse 3530123_233171_nn

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Rio Espera
Emprego Minas Gerais
Emprego Sudeste
Página principal > Emprego > Fulltid, Fast Stilling Som økonomikonsulent

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar