Lærdal kommune Økonomi
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Fulltid, fast stilling som økonomikonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 25. august
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Har du lyst til å vera økonomikonsulent i Lærdal kommune?
Me ser etter ny medarbeidar på avdelinga for økonomi, HR og IKT. Lærdal kommune har delt tenesteområda inn i fire kommunalsjefområder, og avdelinga vår yt støttefunksjonar til desse områda.
**Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar**:
Høgare utdanning på bachelornivå innan økonomi/administrasjon er ønskjeleg
Erfaring med digitale økonomiverktøy og system
Erfaring innan økonomi og lønsarbeid, gjerne frå offentleg sektor
Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og resultatorientert
Relevant praksis kan kompensera for manglande formell utdanning.
**Arbeidsoppgåver og arbeidstid**:
Oppgåver knytt til fakturamottak
Fakturering og innkreving
Oppgåver knytt til fagområdet økonomi, rekneskap og løn
Andre oppgåver kan tilkoma etter avtale med leiar
**Me tilbyr**:
Løn etter avtaleverk
Fleksitidsordning og moglegheit for heimekontor
Arbeidsstad på rådhuset i Lærdal i lag med kring 30 kollegaer
Offentleg tenestepensjon i KLP
**Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har**:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Gratis tilgang til treningssenter for tilsette
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Lars Grenager
922 25 667
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell
- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
932f7774-fb09-46de-ad79-b2bfac5c0835
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3530123_233171_nn