 
        
        Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helg- og tilkallingsvikarar til bu- og miljøtenesta
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk senest søndag 26. oktober
I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.
Bu og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar.
Kvalifikasjonskrav til søkjar:
Stillinga er open på kompetansekravet, alle kan søkja Stilling som helg- og/eller tilkallingsvikar kan til dømes kombinerast med anna deltidsstilling eller studiar/utdanning.
Arbeidsoppgåver:
Målretta miljøarbeid
Praktisk bistand
Delta på ulike aktivitetar
Være ein trygg rollemodell
Personlege eigenskapar:
God til å samarbeida og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Ansvarsbevisst og lojal
Fleksibel
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar
Me kan tilby:
Løn etter tariff
Pensjonsinnbetaling KLP 2 %
Betalte matpausar
Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:
Full barnehagedekning
Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Marianne Voldum
Om bedriften
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
b6292fc7-af8e be-0d655c714957
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3550339_228181_nn