Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

São Rafael
Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
Anunciada dia 13 junho
Descrição

Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage
Edne 19, 5215 Lysekloster, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent - Lysekloster barnehage
Type ansettelse
Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk senest torsdag 26. juni
Vi har ledig 2 vikariat i totalt 60% stilling frå 04.08.25. 30% vikariat til 31.10.25 og 30% vikariat til 31.07.26. Stillingane kan kombinerast. Ein kan og få stilling som tilkallingsvikar i tillegg om ønskjeleg.
Barnehagen har 5 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, og 3 avdelingar er for barn i alderen 3-6 år. Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsstad
Lysekloster barnehage. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde.
Arbeidsoppgåver
Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne
- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
Bidra til eit godt foreldresamarbeid
Bidra til eit godt språkleg miljø
Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne
- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg, men anna utdanning/erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Ønska kvalifikasjonar
Er engasjert, sjølvstendig og fleksibel
Har godt overblikk og ser kva som trengs der og då.
Trivst i ein travel, men innhaldsrik barnehagekvardag.
Har gode evner til samarbeid
Har godt humør, positiv innstilling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Er god på å skape relasjonar
Er ein god språkmodell
Er glad i å vera ute
Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Aktive og varierte kvardagar.
Gode pensjons
- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar.
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Liv Wallem Aspaker
Styrar
+47 906 13 587 +47 56 30 33 70
Om bedriften
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
3636d8c3-a5f2-4ae9-86ee-9ebfc0bd236d
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
3514187_207809_nn

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego São Rafael
Emprego Rio Grande do Norte
Emprego Nordeste
Página principal > Emprego > Vil Du Vere Med å Gje Barn Og Unge Ein Trygg Oppvekst?

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar