Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Elva hotell \& restaurant, voss. designhotell med gourmetrestaurant

Novo Lino
DeepOcean
US$ 3.000 - US$ 5.000 por ano
Anunciada dia 3 setembro
Descrição

Elva Hotell & Restaurant

Nedkvitnesvegen 25, 5710 Skulestadmo, Hjemmekontor ikke mulig

Om jobben

Stillingstittel

Hovmester - Head Waiter

Type ansettelse

Fast, heltid 100%

Arbeidsspråk

Norsk eller engelsk

Antall stillinger

1

For English text - please go directly to our webpage:

Vil du være med å sette Voss på matkartet? Elva Restaurant har allereie fått eit rykte som den beste restauranten på Voss, no skal vi løfte restauranten enda eit par hakk

Me søkjer profesjonell Hovmester/servitør til ny og unik restaurant på Voss. Sjekk

Elva Restaurant ligg rett ved vasskanten, med fantastisk utsikt og unikt design. Her serverer vi frokost, lunsj, 3- og 7- rettars middag av særs høg kvalitet.

Me treng ein dyktig og ambisiøs Hovmester som skal vere eit førebilete for dei andre servitørane og skal vere med å utvikle «Elva » til ei matoppleving utanom det vanlege. Du likar å by på deg sjølv, elsker jobben din, er glad og blid og gir ypparleg service til alle gjestane våre. Du er lett å jobbe saman med og skapar god stemning i teamet ditt.

Voss er ei bygd med innbyggjarar, plassert midt mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden, 10 mil frå Bergen. Her er flotte fjell og innsjøar, to større skisenter og mange moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Her er fallskjermklubb, paragliderklubb, kajakk-klubb, stor symjehall, mange idrettslag og fleire treningssenter. Voss er spesielt godt kjent for ekstremsport og vintersport.

Elva Hotell ligg sentralt, 3km frå sentrum i landlege omgjevnadar.

Dine arbeidsoppgåver:

Det er eit lite hotell, så vi ser etter ein fleksibel og arbeidsam person som også kan bidra med alt frå innsjekk til oppvask når det trengs.

Ansvar for opplæring og leiing av servitørar og bartenderar. Om vinteren er det 3-4 servitørar, om sommaren det doble

Ansvar for rutinar for presentasjon og servering i restaurant og konferanserom

Planlegging av vaktlister

Bidra med lagerkontroll, innkjøp og varetelling for drikkevarer

IK mat/internkontroll

Fokus på berekraft i alle ledd

Elva Hotell er eit lite hotell med berre 14 rom, og restauranten har avgrensa kapasitet. Sommaren er høgsesong med 4 kokkar og 5-6 servitørar. I vinterhalvåret er det mindre travelt, så du må vere innstilt på å jobbe nokre kveldar aleine som einaste servitør, andre gongar er det fullt hus og skikkeleg trøkk med eit større team av tilsette som du må leie.

Personlege eigenskapar og kvalifikasjonar:

Vi stiller som krav at du har arbeida som servitør i Noreg eller Skandinavia tidlegare, og har arbeidstillatelse i orden

Fagbrev som servitør er ynskjeleg

Erfaring med Nordisk/Skandinavisk kjøkken

Resultat frå tidlegare stillingar i Noreg

Du snakkar helst eit skandinavisk språk og har gode engelskkunnskapar

Du er positiv og sjølvgåande med stor arbeidskapasitet

Du motiverer og inspirerer dine medarbeidarar

Me tilbyr:

Kreativt og nyskapande arbeidsmiljø

Moglegheit til å sette sitt namn og ELVA på kartet

Sentral rolle i utviklinga av hotell- og restaurant konsept

Fagleg utvikling innanfor Fine Dining

Løn etter avtale

Fast stilling

Rimeleg bopel i personalbolig rett ved Elva Hotell, om ynskjeleg

Send komplett søknad med CV, søknadsbrev der du skildrar kvifor du er den rette for denne jobben på Voss, referansar og anna info du meiner er interessant for oss. Vi vil veldig gjerne ha attestar frå tidlegare arbeidsgjevarar.

Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert. Hugs at vi får særs mange søknadar, og du må difor forklare kva som gjer at du vil til Voss og ta akkurat denne utfordringa med å utvikle ELVA til ein fantastisk restaurant.

Om bedriften

Eit nytt designhotell er etablert på Voss. Voss Active kan no tilby ein komplett pakke som bind saman ekstremsport og naturopplevingar med spektakulær overnatting og matkultur. Eit berekraftig designhotell basert på solenergi, grunnvarme og miljøvenleg materiale står klart til å ta i mot gjester frå både inn- og utland - gjester med ynskje om å oppleva noko heilt spesielt. Voss er plassert midt i matfatet Me kan sanke frå naturen omkring oss og er omslutta av gode produsentar som me vil ha eit tett og nært samarbeid med. Dette vil vi dele med gjestane våre.

Voss Active er ei av dei største aktivitetsbedriftene i Noreg og har i 25 år arrangert opplevingar for turistar, lag og firma. Me er omlag 60 tilsette som til saman utgjer 20 årsverk. Firmaet er veldrive og ekspanderande. Send komplett søknad med CV, søknadsbrev der du skildrar kvifor du er den rette for denne jobben på Voss, referansar og anna info du meiner er interessant for oss. Ufullstendige søknadar blir ikkje vurdert.

Sektor

Privat

Nettsted

Annonsedata

Stillingsnummer

6b8ca97d-0cde-42dd-8ca5-dc5e24033d93

Hentet fra

FINN

Referanse

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Novo Lino
Emprego Alagoas
Emprego Nordeste
Página principal > Emprego > Elva Hotell \& Restaurant, Voss. Designhotell med gourmetrestaurant

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar