Ullensvang kommune Odda barneskule
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest torsdag 5. juni
100% fast stilling - med oppstart eller etter avtale
Odda barneskole er ein barneskule, 1. 7. trinn, med 300 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg i sentrum av Odda og skuleplassen er ein viktig arena for born og unge som bur sentralt, også i fritida. Skulen er organisert med tre parallellklassar på kvart trinn, med eit SFO- team som er delt i to basar. Administrasjonen består av rektor, to avd.leiarar, SFO- leiar og merkantil, og i tillegg har skulen sosiallærar i ein mindre delstilling. Personalet består elles av lærarar, fagarbeidarar, assistentar og miljøterapeutar.
**Arbeidsoppgåvene kan innebera**:
undervisning i klassegruppe
undervisning med enkeltelev eller lita gruppe
samarbeid med lærarar på team
samarbeid med assistentar og miljøterapeutar
kontaktlærarfunksjon
**Ynskte kvalifikasjonar**:
Skriftleg og munnleg norskkunnskap
godkjend lærarutdanning
det vil vera ein fordel om du har kompetanse i blant anna desse faga: norsk, matematikk, engelsk, musikk, kunst og handverk og spes.ped.
søkjarar med annan relevant utdanning kan bli vurdert
**Vi ser etter deg som**:
likar å arbeida med barn og unge
er sjølvstendig
har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse
likar arbeid i høgt tempo og med raske endringar
**Vi tilbyr**:
Interessant og spennande arbeid med barn og unge
Dyktige, positive og løysingsorienterte kollegaer
Lærerike arbeidsdagar i høgt tempo
Lønn etter hovudtariffavtalen
**Sletting av utdanningsgjeld/studielån**:
Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.
**Til orientering om Offentleglova**:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova - 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
**Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune**:
**Link til søknadsskjema**: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Erlend Nævdal Bolstad
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
Hentet fra
visma-easycruit
Referanse
_ _nn