Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

Sfo-leiar - 100 fast

Cardeal da Silva
Alver kommune
Anunciada dia 14 junho
Descrição

Alver kommune
Leknesvegen 117, 5915 Hjelmås, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
SFO-leiar - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest mandag 16. juni
Om stillinga
Ved Leiknes skule er det ledig stilling som SFO- leiar frå 1. august 2025.
Skulefritidsordninga skal vere eit tilbod kor barna møter leik, kultur og fritidsaktivitetar, i tillegg til at dei får god omsorg og tilsyn før og etter skuletid.
Det er tillagt administrasjonstid til stillinga. Stillinga er ei arbeidsleiarstilling og er ein kombinasjon av utøvande arbeid i skule og SFO slik at tilsetjinga til saman vert 100 % stilling.
Me søkjer ein person med pedagogisk utdanning, eller anna relevant erfaring og utdanning, som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel.
Du må vere motivert for å leie og følgje opp barn og tilsette i forhold til sosial og fagleg læring i SFO.
Om oss
Leiknes skule er ein nyrehabilitert og moderne fulldelt barneskule (1.7. trinn). Skulen har ca 180 elevar og 30 tilsette. Skulen ligg langs Osterfjorden, 7km køyring frå Knarvik. Skulefritidsordninga har rundt 50 barn og har i skuleferiane også sfo-barn frå dei andre skulane i Osterfjorden.
**Vi jobbar etter visjonen vår**: meistring og glede i fellesskap. Eit viktig fokusområde er korleis alle vaksne kan vere med å hjelpe elevane våre til ei god sosial og emosjonell utvikling, og "De utrolige årene" er eit viktig verktøy for oss.
Arbeidsoppgåver
det daglege ansvaret for å leie og administrere SFO, påmelding, brukarlister, vaktlister, aktivitetsplanar m.m.
utarbeide årsplanar og vekeplanar med mål og innhald for SFO- tida
sikre at SFO- tilbodet er i tråd med Opplæringslova med forskrifter, føresegner, avtalar, vedtekne retningslinjer og planar som gjeld
vere ein del av skulen sitt leiarteam
ha ansvar for personalmøte og andre møte med tilsette og heimane
leggje til rette for eit godt samarbeid med heimen
leie SFO- tilbodet som eit fritidstilbod som vert sett i heilskap med skulen si verksemd
ansvar for vikarhenting ved fråvær i SFO- tida
Kvalifikasjonskrav
pedagogisk utdanning på bachelornivå eller anna relevant utdanning
fordel med tidlegare erfaring frå SFO- drift, skule, eller anna pedagogisk verksemd
må handtere bruk av ulike dataprogram i forhold til sakshandsaming, planarbeid m.m.
ønskjeleg med administrativ erfaring og erfaring som arbeidsleiar
utdanning/erfaring i forhold til elevar med spesielle behov.
Kven er du?
Vi søkjer ein SFO- leiar som er engasjert, trygg, raus, tydeleg og fleksibel. I denne jobben må ein vere løysings
- og utviklingsorientert og ha vilje og evne til tett samarbeid med kollegaer og føresette. Å jobbe sjølvstendig, ha stor innsatsvilje og ha evne til å inspirere vert viktig i arbeidet med å utvikle SFO- ordninga vår. Å ha ei evne og eit fokus på å byggje relasjonar til barn og vaksne er avgjerande i jobben.
Me tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø der du kan trivast og utvikle deg.
Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange.
Moglegheit til å utvikle ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsle.
Løn etter avtale, basert på dine kvalifikasjonar.
Pensjonsordning gjennom KLP (Kommunal Landspensjonskasse).
Gode arbeidsvilkår i tråd med lov
- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dele kunnskap og utvikle deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetodar og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet
Politiattest
I tråd med opplæringsl - 10- 9 / barnehagel - 19 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Katrine Hopland
Rektor Leiknes skule
+47 928 48 656
Om bedriften
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team, vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Bli med på vårt eventyr i Alv

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Cardeal da Silva
Emprego Bahia
Emprego Nordeste
Página principal > Emprego > Sfo-leiar - 100 Fast

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar