ODD - ODDA VGS, Vestland fylkeskommune
5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar i kjemiprosess
- og laboratoriefag
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk senest søndag 8. juni
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Skulen har ledig stilling frå 1.august 2025, som lærar innan programområdet Teknologi
- og industrifag, der mykje av undervisninga vil føregå på Vg2 Kjemiprosess
- og laboratoriefag.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på programområdet Kjemiprosess
- og laboratoriefag/Teknologi
- og industrifag
Planlegge og gjennomføre opplæring i tråd med læreplanmåla.
Delta i lærarteam og pedagogisk utviklingsarbeid.
Tilretteleggje og samarbeide om eit godt og effektivt læringsmiljø.
Samarbeid med kollegaer og føresette.
Samarbeid med opplæringskontor og verksemder.
Kvalifikasjonar
Fagbrev innafor kjemi
- og prosessfag og laboratoriefag. Andre fagbrev innan Teknologi og industrifag kan og vere relevant.
Praktisk røynsle frå faget.
Fagskule og/eller høgskule i kjemiprosessfag.
Kandidatar utan pedagogisk utdanning kan og søkje, og kan tilsetjast på vilkår av påbegynt yrkesfaglærarutdanning innan tre år frå tilsetting.
God digital kunnskap
God formidlingsevne på norsk, skriftlig og muntlig.
Godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
Engasjert i faget og i utdanning av nye fagarbeidare.
Likar å undervisa praktisk og relevant for faga.
Tydeleg klasseleiar, med evne til å skapa gode elevrelasjonar og godt klassemiljø.
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.
Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Du har gode digitale ferdigheiter
Du har gode skriftlege og munnlege norskferdigheiter.
Vi tilbyr
Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid.
Gode forsikrings
- og pensjonsordningar.
Løns
- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk.
Kontaktinformasjon
Geir Veland, rektor,
Arbeidsstad
**Nøkkelinformasjon**:
**Arbeidsgivar**: Vestland fylkeskommune
**Referansenr.**:
**Stillingsprosent**: 100%
Fast
**Søknadsfrist**:
Kontaktperson for stillingen
Geir Veland
rektor
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova - 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Stillingsnummer
Hentet fra
talentech
Referanse
2d5d0493be d6f de0c