Emprego
Meus anúncios
Meus alertas e-mail de emprego
Fazer login
Encontrar um emprego Dicas de emprego Fichas de empresas
Pesquisar

100% stilling som fastlege i vakre lærdal kommune

Rio Espera
Lærdal kommune Helsesenter
Anunciada dia 5 dezembro
Descrição

Lærdal kommune Helsesenter Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig Om jobben Stillingstittel Fastlege Type ansettelse Fast, heltid 100% Arbeidsspråk Norsk Antall stillinger 1 Søk senest onsdag 25. juni I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert - tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. Er du oppteken av fagleg utvikling, dyktige og kjekke kollegaer - i eit triveleg arbeidsmiljø? Ønskjer du deg ei passeleg listelengd og ryddige arbeidsforhold med faste administrasjonsdagar? Då er Lærdal helsesenter rette staden for deg. Me søkjer deg som har gyldig autorisasjon som lege, utan avgrensingar, er under ALIS utdanning - eller er spesialist i allmennmedisin. Lærdal helsesenter har tre fastlegeheimlar og ei LIS1-stilling. Me har eit erfaren og kompetent hjelpepersonell med dyktige sjukepleiarar. Legekontoret har omlag 2200 listepasientar og er samlokalisert med helsestasjon, kreftkoordinator, fysioterapi, ergoterapeut, frisklivssentral og psykisk helseteneste. Tenesta nyttar CGM Allmenn som journalsystem (med overgang til Pridok ila haust 2025). Kontoret er godt utrusta med akuttmedisinsk utstyr, ultralydapparat, skiftestove/akuttrom, laboratorium og uniformert legevaktsbil. I tillegg til utredning og behandling, har tenesta ansvar for førebyggjande helse - og smittevernarbeid, tilsyn på sjukeheim og visittgang på kommunal akutt døgneining (KAD) I tillegg til daglegevakt inngår arbeid ved interkommunal legevakt på Lærdal sjukehus i 12-delt vaktlinje, med vakt kvar sjette helg. Arbeidsoppgåver og arbeidstid: Allmennmedisinske oppgåver Daglegevakt (08.00-15.30) Deltaking i interkommunalt legevaktsamarbeid saman med Aurland og Årdal kommune 20% av stillinga er knytt til tilsynslegefunksjon på KAD. Andre kommunale funksjonar som helsestasjons - og skulehelseteneste og tilsyn på sjukeheim kan bli lagde til stillinga ved behov Offentleg godkjent lege med norsk autorisasjon Spesialist i allmennmedisin eller kandidat under utdanning gjennom ALIS. Kommunen er godkjent som opplæringsverksemd for spesialisering i allmennmedisin og vil legge til rette for eventuell gjennomføring av utdanning Kjennskap til og gjerne erfaring frå offentleg forvaltning og helsearbeid er eit føremon Norskkunnskapar tilsvarande B2 eller betre, og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons - og framstillingsevner Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid God erfaring med digitale verktøy Søkjar må ha førarkort klasse B Gyldig politiattest må leverast før tilsetting Utdanning/kvalifikasjonar/eigenskapar: Me legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane me ønskjer: at du har gode samarbeidsevner og kan arbeida i team, er interessert i fagutvikling, er relasjonsorientert og endringsvillig. Me tilbyr: 100% fast stilling Fastløn og insentiv etter inntening ALIS-avtale med fast rettleiar for deg i spesialiseringsløp Spennande utviklingsoppgåver i eit godt og tverrfagleg fagmiljø Triveleg arbeidsmiljø og gode kollegaer Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter Konkurransedyktig pensjonsordning i KLP Gruppe - og ulykkesforsikring Hjelp til å skaffe bustad Det kan nemnast at Lærdal kommune mellom anna har: Full barnehagedekning Gratis fulltids-SFO for 1. og 2. klassingar, og gratis deltids-SFO for 3. klasse Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum Gratis tilgang til treningssenter for tilsette Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja Link til søknadsskjema: Søk her Kontaktperson for stillingen Malin Partenyi 47 479 95 451 Om bedriften I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell - og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri. Sektor Offentlig Annonsedata Stillingsnummer 2949672 Hentet fra visma-easycruit Referanse 3506333_248527_nn

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar
Vagas parecidas
Emprego Rio Espera
Emprego Minas Gerais
Emprego Sudeste
Página principal > Emprego > 100% Stilling Som Fastlege I Vakre Lærdal Kommune

Jobijoba Brasil

  • Dicas de emprego

Encontre vagas

  • Vagas de emprego por cargo
  • Pesquisa de vagas de emprego por área
  • Empregos por empresas
  • Empregos por localização

Contato / Parceria

  • Entre em contato
  • Publique suas ofertas no site Jobijoba

Menções legais - Menções legais e termos de uso - Política de dados - Gerir os meus cookies - Acessibilidade: Não conforme

© 2025 Jobijoba Brasil - Todos os direitos reservados

Se candidatar
Criar um alerta
Alerta ativado
Salva
Salvar